Stemmerett for kvinner – tilgang og bruk i Ryfylke 1909-1915

Illustrasjon fra Trygve Brandals artikkel på Digitalt fortalt.

Illustrasjon fra Trygve Brandals artikkel på Digitalt fortalt.

Førstekonservator Trygve Brandal ved Ryfylkemuseet har undersøkt om og i hvilken grad kvinnene i kommunene i Ryfylke brukte stemmeretten ved stortingsvalgene i 1909, 1912 og 1915. 

Artikkelen er publisert på nettsida til Digtalt fortalt og her skriver han også om utviklingen av stemmerett for kvinner frem til det første stortingsvalg med allmenn stemmerett i 1915:

«I 2013 feirar vi at det er 100 år sidan kvinnene fekk full stemmerett i Norge, på lik line med menn. Norske statsborgarar over 25 år hadde då rett til å stemma ved både kommune- og stortingsval. Mennene hadde hatt avgrensa stemmerett sidan 1814 og full stemmerett sidan 1898.

Kvinnene hadde brukt 12 år på å gå den same vegen. Det var i 1901 kvinner for første gong fekk ta del i eit politisk val her i landet. Ved kommunevalet det året fekk kvinner som betalte skatt over ein viss sum, eller som var gift med ein mann som betalte slik skatt, røysterett. Slik var det også ved dei to neste kommunevala, i 1904 og 1907. Ved det neste kommunevalet, i 1910, var skattekravet fjerna. Då hadde alle kvinner over 25 år full stemmerett.

Dei såg strengare på det ved stortingsval. Her fekk kvinnene avgrensa stemmerett i 1907, etter dei same reglane som galdt for kommuneval. Dette vart praktisert ved stortingsvala i 1909 og 1912. Og så vedtok Stortinget allmenn stemmerett for kvinner i 1913, den 11. juni, og dette kunne først gong praktiserast ved stortingsvalet i 1915.»

Valgdeltagelsen blandt kvinnene ved det første Stortingsvalg med allmenn stemmerett i 1915 var lav i Ryfylke:

Brandal finner at ved stortingsvalget i 1915, der alle kvinner over  25 år stemmerett hadde stemmerett, så benyttet ikke den nye velgergruppen seg av retten sin i særlig grad. Valgdeltagelsen blandt kvinnene i Ryfylke lå 30-40 % under mennene de fleste steder.

Brandal oppsummerer slik: «Vi feirar 100-års jubileet for full stemmerett for kvinner i år. Men ein ting er å få stemmerett, ein annan å ta han i bruk. Her har vi sett at mange kvinner i Ryfylke heldt seg heime på valdagen ved dei første stortingsvala med kvinneleg stemmerett, og at valdeltakinga blant kvinner då var klart lågare enn blant mennene. Slik var hovudmønsteret lenge framover, men skilnaden vart gradvis mindre og mindre. I 1989 var valdeltakinga for kvinner høgare enn for menn, og sidan den tid har kvinnene delteke litt meir i stortingsval i Norge enn mennene.»

Les mer på Digitalt fortalt her. 

Ryfylkemuseet er regionmuseum for kommunene Forsand, Strand, Hjelmeland, Suldal, Sauda, Finnøy, Rennesøy og Kvitsøy.

Følg Ryfylkemuseet i Demokratijubileene på Facebook  og på  deres egne nettsider her.