6. Mars » Den Røda Grevinnan» – Foredrag på Hå gamle prestegard

Yvonne HirdmannOnsdagsforedrag med Yvonne Hirdman
«DEN RÖDA GREVINNAN»

Foredraget innleiar Hå gamle prestegard si markering av hundreårsjubileet for almen stemmerett.

Yvonne Hirdman (bilde) er professor i kjønnshistorie og moderne historie ved Universitetet i Stockholm og Södertörns Högskola. Den siste boka hennar, DEN RÖDA GREVINNAN, handlar om den fantastiske historia til hennar eiga mor. Mora var gift med ein lutfattig baltisk greve før ho forelska seg i ein tysk kommunist. Ho blei sjølv kommunist og flykta frå nazismen i Tyskland til Moskva og Paris. Hausten 1939 var ho flyktning på Orre på Jæren der ho fødde ein son som aleinemor, før ferda gjekk til Stockholm.

I foredraget tek Hirdman utgangspunkt i denne historia. Korleis var det å vera kvinne i Europa i 1920- og 30 åra? Ei tid med nye horisontar og nye moglegheiter, men og med motstand og frykt knyta til omveltingane som prega denne fyrste fasen i demokratiseringa.

Kl. 19.00 – 21.00
Pris kr. 150 inkl. kveldsmat. Studentar og kunstnarar kr. 100.
Se vedlagte: Plakat Yvonne Hirdman
Påmelding: 51791660. E-post: elso@ha.kommune.no