Foredrag på Sandnes Bibliotek 6. februar

6. Februar 2013: Foredrag om foregangskvinnen Sofie Ims på Sandnes Bibilotek
Adresse: Kulturhuset, Mauritz Kartevold Plass, Sandnes

kl. 1900 – 2000

Audgunn Oltedal held føredrag om oldemora si, Sofia Ims, som var ei frilynt føregongskvinne i tida rundt 1913. Ho engasjerte seg blant anna i tuberkolosesaka og i byggjing av grendehus. Sjølv om ho høyrde til i dagens Sandnes kommune er ho lite kjent utafor næraste familiekrins.

Føredraget byggjer på Oltedal sin artikkel i ei bok om formødrene våre kring 1913, -boka kjem ut ved årsskiftet.